Pål sine høner på haugen ut sleppte,
hønen' så lett over haugane sprang.
Pål kunne vel på hønom fornemma:
reven var ute med rova så lang.
Klukk, klukk, klukk! sa høna på haugom.
Klukk, klukk, klukk! sa høna på haugom.
Pål han sprang og rengde med augom:
"No tor' eg ikkje koma heim åt ho mor!"

Pål han gjekk seg litt lenger på haugen,
fekk han sjå reven låg på høna og gnog;
Pål han tok seg ein stein uti neven,
dugleg han då til reven slo.
Reven flaug så rova hans riste;
Reven flaug så rova hans riste;
Pål han gret for høna han miste!
"No tor' eg ikkje koma heim åt ho mor!"

"Hadd' eg no nebb, og hadd' eg no klo,
og visste eg berre kvar revane låg,
skull' eg dei både rispa og klora
framantil nakken og bak over lår.
Skam få alle revane raude!
Skam få alle revane raude!
Gud han gjeve dei alle var daude,
så skull' eg trygt koma heim åt ho mor!

Ikkje kan ho verpa, og ikkje kan ho gala,
ikkje kan ho krypa, og ikkje kan ho gå!
Eg får gå meg til kverna og mala,
og få att det mjølet eg miste i går!"
"Pytt!" sa'n Pål, "eg er ikkje bangen,
"Pytt!" sa'n Pål, "eg er ikkje bangen,
kjeften og motet har hjelpt no så mangein,
eg tor' nok vel koma heim åt ho mor!"

Pål han kornet på kverna til å sleppa,
så at det ljoma i kvar ein vegg,
så at agnene tok til å flyga,
og dei vart lange som geite-ragg.
Pål han gav seg til å le og til å kneggja
Pål han gav seg til å le og til å kneggja
"No fekk eg like for høna og for egga,
no tor' eg trygt koma heim åt ho mor!"