Per spelmann han hadde ei einaste ku
Per spelmann han hadde ei einaste ku
Han bytte bort kua, fekk fela igjen
Han bytte bort kua, fekk fela igjen
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Per spelmann han spela, og fela ho lét
Per spelmann han spela, og fela ho lét
Så gutane dansa og jentene gret
Så gutane dansa og jentene gret
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Per Spelmann han spela, og fela var god
Per Spelmann han spela, og fela var god
Så gutane dansa og jentene lo
Så gutane dansa og jentene lo
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Og om eg vert gammal som stein under bru,
Og om eg vert gammal som stein under bru,
Nei, aldri eg byter bort fela for ku.
Nei, aldri eg byter bort fela for ku.
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Og om eg vert gammal som mose på tre,
Og om eg vert gammal som mose på tre,
Så aldri eg byter bort fela for fé
Så aldri eg byter bort fela for fé
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

Og om eg vert gammal som skorpe på graut
Og om eg vert gammal som skorpe på graut
Så aldri eg byter bort fela for naut
Så aldri eg byter bort fela for naut
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!